Ledige stillinger

Jobbe hos Proresult

Proresult AS er eit programvareselskap, lokalisert i teknologiklynga Peak Sunnfjord i Førde. Vi tilbyr tilpassa digitale løysingar for bedriftskundar over heile landet, spesielt innan bygg- og anleggsbransjen. Våre nasjonale ambisjonar har blant anna resultert i avtale med Byggmesterforbundet og vi ynskjer å heve både kompetansen og kapasiteten i teamet vårt og søkjer difor etter 3 nye positive, engasjerte og målretta medarbeidarar!


Har du lyst på ein spennande og utfordrande jobb i eit firma i god utvikling? Likar du ein kvardag med tett kontakt med nye og eksisterande kundar? Vi ser etter deg som kan gjere ein forskjell for våre kundar og som vil være med å utvikle oss vidare.  

Se ledige stillingerLes mer om Proresult

Ledige stillinger

Kundekonsulent

Stilingstittel: Kundekonsulent

Frist: 15. august

Sted: Førde

Ansettelsesform: Fast 100%

Vi tilbyr deg utfordrande arbeidsoppgåver i lag med gode kollegaer og våre kundar, samt en del administrativt arbeid. Vi søkjer etter deg som trivast med å kommunisere med kundar og som har lyst på ein spennande og utfordrande arbeidskvardag i eit solid firma i positiv utvikling!

Daglege arbeidsoppgåver vil vere ei god blanding mellom kundekontakt og administrative oppgåver. Gjennom kundestøtte vil du kome i kontakt med kundar over telefon, e-post og i kundemøter. I kontakt med kundar vil du også ha moglegheit til å ta i mot ordrar og drive meirsal. Du vil få ansvar for å forberede og gjennomføre våre kunde-webinar, ofte i tett samarbeid med andre i teamet. Administrative oppgåver som fakturering og intern kontroll vil også bli nokre av ditt ansvarsområde. Høyrest dette ut som noko DU kunne trivast med? Ja, då må du ikkje la denne sjansen gå i frå deg!

Kundestøtte og aktivt sal til eksisterande og nye kundar

Planlegge og gjennomføre kunde-webinar, kurs og opplæring for kundar

Ansvar for enkelte administrative driftsrutinar

Trivast å jobbe sjølvstendig og i team

Gode kommunikasjonsferdigheiter

Utadretta og engasjert, med godt humør

Strukturert og ryddig

Varierande og spennande jobbar i eit firma i god utvikling

Eit uformelt og godt arbeidsmiljø

Konkurransedyktige betingelsar

God opplæring og oppfølging

Bedriftsrådgjevar

Stilingstittel: Bedriftsrådgjevar

Frist: 15. august

Sted: Førde

Ansettelsesform: Fast 100%

Vi er på jakt etter deg som er svolten på resultat og likar å kommunisere med kundar, gjerne med erfaring og interesse for programvare/IT relatert produkt, men mest fordi du er rett person med gode personlege eigenskapar.
Du må gjerne ha utdanning innan sal/ marknadsføring.
Du må like å ta initiativ, er kreativ og positiv og kan arbeide sjølvstendig og målretta.
Du må beherske moderne kommunikasjonsformer. Det er og viktig at du har gode kommunikasjonsevner og fokus på resultatoppnåing.

Aktivt sal og kundestøtte

Deltakelse på messer/ kundearrangement

Du må pårekne litt reiseaktivitet

Relevant utdanning

Erfaring frå sals-marknadsarbeid, fortrinnsvis frå IT

Gode kremmareigenskapar

Gode kommunikasjons -og samarbeidsevner

Varierande og spennande jobbar i eit firma i god utvikling

Eit uformelt og godt arbeidsmiljø

Konkurransedyktige betingelsar

God opplæring og oppfølging

Systemutviklar

Stilingstittel: Systemutviklar

Frist: 15. august

Sted: Førde

Ansettelsesform: Fast 100%

Vi har fått nye avtalar som gir oss nye og spennande oppgåver til vårt utviklingsteam. Vi søkjer etter deg som kan vere med å utvikle oss vidare og tilføre oss nye impulsar. I Proresult får du ei aktiv rolle for vidareutvikling av oss som firma og for vår programvare med din kompetanse, ja utan å måtte navigere i tungrodde organisasjonskart. Du vil få spennande og dedikerte arbeidsoppgåver.

Webutvikling og integrasjon mot ulike komponentar og andre system

App-utvikling

Backend

Teknisk kundestøtte

JavaScript, PHP, HTML, CSS

MySQL

Java, Android/iOS

.NET, C#, Azure

Git, Docker og Kubernetes

Du må ha evne til å ta initiativ, arbeide sjølvstendig og målretta.

Du må ha kundeforståing, sette god arkitektur og bidra til effektive utviklingsprosessar.

Du må ha pågangsmot, strukturert og godt humør.

Du må like faglege utfordringar i god samhandling med våre kundar

Du må ha 3-årig bachelor frå relevant studie

Varierande og spennande jobbar i eit firma i god utvikling

Eit uformelt og godt arbeidsmiljø

Konkurransedyktige betingelsar

God opplæring og oppfølging

Er du interessert i jobbe for Proresult? Søk her!

Fyll ut skjema nedenfor, så tar vi kontakt med deg så fort vi har anledning!

  • Skriv gjerne noen ord om deg selv og hvorfor du søker på stillingen.
  • Dra og slipp filer her, eller
    Last gjerne opp din CV, søknad eller øvrige dokumenter